|
Trening -
...om treninger
|
|
torsdag 04. mars 2010 00:19 |
|
Rapport frå rom 3224 (Moe/Hundhammer): Me sykla ut med godt mot og trua på fint vær. Men me skjønte fort at det ikkje blei noko sol denne dagen. Etter ein time opna himmelen seg over oss. Og me såg korkje sol eller blå himmel resten av dagen. Det var duka for bakketest frå Söller til Lluc. Alle køyrde aktivt, men Sven Erik med Håvard på hjul var første mann opp, tett etterfølgt av Daniel.
Det vart ein kald og lite triveleg tur ned frå fjellet i tåkehavet. Tåka var så tett at folk hadde store problem med å navigere seg rett veg. Då me var halvvegs ned frå fjellet blei tåka for tett for Per, som ikkje såg kvar resten av feltet tok vegen. Han tok ein feil venstresvig, og plutselig var han og Hildegunn nede i Pollenca, medan resten av feltet kniva om gjeve spurtseiarar. Daniel og Sven Erik var dagens sigerherrar. Vell heime var kampen stor for å komme først i dusjen, for å nyta godt av det varme vatnet. Ikkje alle var like heldige, og måtte dysja i kaldt vatn.
|